top of page
  • Forfatterens bildeNorges Livredningsselskap

VILJAR (15) OG EIRIK (14) HEIDRA FOR REDNINGSDÅD

I august i fjor redda to unge gutar ein vaksen mann frå å drukna i Uskedalen båthamn. I høst fekk dei sin velfortente heider av Norges Livredningsselskap.



Publisert først i Grenda og skrevet av Håvard Sætrevik. haavard@grenda.no 


– Eg såg han i ei lita glipe mellom to båtar. Det såg ut som at det var eit menneske med kleda på som var i vatnet. Då forstod eg at det var noko som var ikkje var rett, sa Eirik Langeland til Grenda same dagen som redningsdåden var utført, 21. august 2022.

Spol eit godt år fram i tid og det er to litt vaksnare gutar som står klare til å bli heidra for innsatsen, saman med ordførar Hilde Enstad og Bjørg Thorell Krabbedal, heidringskoordinator i Norges Livredningsselskap.


Tipsa av bestemor

Begge gutane hadde med foreldre og besteforeldre til seansen i rådhuskantina, der ordføraren var vert.

– Me er her for å heidra Eirik og Viljar, og innsatsen dei gjorde denne dagen. Me har sidan 1906 heidra heltar som reddar liv langs land og strand. Me kan gje heider til å dei som har redda eller for- søkt å redda folk frå å drukna. Det er ein viktig del av vårt arbeid å synleggjera dette arbeidet, sa Bjørg Thorell Krabbedal i samband med utdelinga.

– Me fekk mail frå bestemor om hendinga, med avisutklippet frå Grenda. Her hadde me namn og alt, og då er det enklare å finna ut kva som var gjort og kven det var som hadde gjort seg fortent til heideren, forklarer Bjørg Thorell Krabbedal til Grenda.

Ho fortel at det er ulikt kor mange slike heidersteikn dei deler ut året, men kanskje ti i året på snittet.

Stolte mødrer

Etter diplomutdeling med påfølgjande fotografering og dokumentering av hendinga, baud ordføraren på påsmurde rundstykke, kake, kaffi og brus.

– Dette blir kjekt å kunna visa seinare, når ein får familie sjølv, meinte Eva Karin Haugland, som er bestemor til begge gutane.


Mødrene May-Kjersti Steinsletten og Elisabeth Haugland Langeland var så stolte at det lyste av dei.

– Det er ikkje så lett å skjøna kva som skjer før etterpå, så det er bra at dei tok tak i det med ein gong. Og me måtte berre reagera når dei ringte om hjelp, seier May Kjersti. Tilbake på 21. august i fjor var gutane ute og prøvekøyrte Viljar sin nye båt i Uskedalen. Inne i båthamna såg dei mannen mellom to båtar.

– Han låg ved flytebrygga og prøvde å halda seg fast i ho. Me spurde om han trengte hjelp, men først så svarte han at han ikkje trengte det. Me gjekk ikkje vekk. Så kom det eit «hjelp» etter tre-fire minutt. Då ringte me til mamma og pappa, og dei kom fort, forklarte gutane til Grenda etter hendinga. Drama-tikken kunne tatt både pust og handlekraft frå nokon og ein kvar, men ikkje for desse to, som var 13 og 14 år på det tidspunktet.

– Hadde det ikkje vore for Viljar og Eirik sin snar-tenkte handlemåte, kunne hendinga fått ein tragisk utgang. Hei- drar dei for framifrå utført dåd, og gratulerer med inn- satsen, sa Krabbedal avslutningsvis under diplomoverrekkinga.

Også ordførar Enstad ville visa at kommunen er stolt og glad over å ha slike handlekraftige ungdommar i sine rekker, og gav dei begge kinobillettar som gåve som prov innsatsen deira.

 

– Skal synast

Fredag var det to smålåtne gutar som sat i rådhuskantina. Først og fremst var dei slitne etter å ha vore på tur med skulen, og litt svoltne og tørste i tillegg. Sjølve redningsdåden har dei ikkje tenkt mykje på etterpå. Dei har begge vore mykje i båt etterpå, så dei tok ikkje skrekken på nokon måte.

– Det er første gong me har sett nokon som treng skikkeleg hjelp. Kjempeflott å kunna hjelpa når det er slik, og me hadde gjort det igjen om måtte, slår søskenbarna fast i kor.

Kor diplomet skal stå, blir etter alt å døma gjenstand for interne diskusjonar i Uskedalen og på Sandvoll.

– Eg skal ha det på hylla mi. Det skal i alle fall stå ein plass det synest godt, konkluderer Viljar bestemt.

Det er i så fall det einaste rette.

7 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page