top of page
  • Forfatterens bildeNorges Livredningsselskap

FIRE UNGE HELTER FEKK HEIDER, DIPLOM OG GÅVER

Oppdatert: 21. des. 2023

Hedringskoordinator Bjørg Thorell Krabbedal i Norges Livredningsselskap og Haugesund-ordførar Arne Christian Mohn delte ut diplomane til Oliver Måge, Herman Salte-Enoksen, Samuel Enoksen Timmermann og Daniel Kalukila Nesse. Foto: Ellen Marie Hagevik

Tysdag fekk fire unge heltar, tre frå Sveio og ein med forelder frå Sveio, beviset på at dei har redda livet til eit mennneske. Utdelinga føregjekk i den staselege formannskapssalen i Haugesund rådhus.

Skrevet av Ellen Marie Hagevik i avisen Vestvind-sveio

Stille og spente heltar

Slik startar diplomet Daniel Kalukila Nesse, Oliver Måge, Samuel Enoksen Timmermann og Herman Salte–Enoksen fekk høgtideleg utdelt i Haugesund. Det var fire spente gutar som var uvanleg stille både før dei kom til rådhuset i Haugesund og medan dei venta på ordførar Arne Christian Mohn (AP).

Sjølv om dei fire unge heltane er knytt til Sveio, var utdelinga av diploma i Haugesund sidan det var der ulukka og redninga skjedde. Men det første Mohn gjorde etter å ha helst dei heltemodige gutane velkomen, var å lesa opp ei helsing frå Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Bjørg Thorell Krabbedal, representant for Norges Livredningsselskap, fortalte litt om organisasjonen, før det var tid for utdelinga av diplomane.


Gjorde alt rett

I dag er tre av dei fire blitt 12 år, men den 9. juli var alle 11 år då dei redda ein mann frå å drukna. Gutane sto og venta på tur ved eit av stupebretta i Haraldsvang då dei såg at Hammad Munir (25) landa på magen etter eit stup.

– Først såg det ut til at det gjekk bra med han, for han svømte inn mot stigen. Så blei han plutseleg liggande med ansiktet ned i vatnet, fortalde Herman Salte-Enoksen til Vestavind i sommar.

Deretter reagerte og gjorde gutane alt rett. Fekk tak i Munir, fekk snudd han og drog han inn til land medan dei ropte på hjelp. Han var tung å handtera, så ein av gutane ville hoppa uti for å hjelpa til.

– Eg sa at det ikkje var så lurt i tilfelle noko skjedde og mannen drog han ned, fortalde Herman.


Fekk gåver

Akkurat det var ein av tinga Bjørg Thorell Krabbedal trekte fram er viktig å hugsa på då gutane fekk gåver i staden for blomar. Forlenga arm, bok med grunnkurs i livredning og ispiggar.

– Den som held på å drukna vil ofte vera redd og prøver å gripa i det han kan få tak i for å halda seg oppe. Difor kan ein slik forlenga arm vera veldig nyttig å ha med seg. Den kan hengast rundt livet og bles seg opp slik at det blir noko å henga på for deg eller den du prøver å redda, forklarte ho.

– Kan den brukast fleire gonger, ville gutane vita.

– Det er berre å setta i ny patron, så er den klar igjen, var svaret.

Med Munir gjekk det så bra at han heldt fram med å bada i Skeisvatnet etter ulukka.

Til Vestavind sa han i sommar at gutane er heltar.


Traktert som heltar

Og dei blei traktert deretter av både ordførar Mohn og kommunedirektør Ole Bernt Thorbjørnsen. Sistnemnde sørga for at heltane fekk det dei villa ha i glaset til kake og wienerbrød. Og ordføraren sprang og henta mjølk då nokre av dei ville ha det.

Herman og Oliver går på Vikse skule, medan Daniel går på Sveio skule. Dei fortalde at dei hadde fått fri frå klokka 10.00, og hadde vore spente på korleis resten av dagen ville bli.

Den som hadde reist aller lengst, var Samuel, som er fetter til Herman. Samuel bur i Moss, og hadde stått opp klokka 04.00 for å rekka flyet til Haugesund, sa mor Annette En- oksen.

– Korleis var det å få diplomet?

– Kjekt, var det korte og klare svaret frå dei fire før dei prata vidare med kvarandre og ordføraren.

17 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page