top of page
  • Forfatterens bildeNorges Livredningsselskap

MARINE DAGAR PÅ SALHUS SKULE

Tettstaden Salhus ligg nord for Bergen, i bydelen Åsane. Badeplassen vår Storåkervika, «Vikje» blant dei lokale, og kaien som foreldre ved skolen eig, ligg der Salhusfjorden går over i byfjorden. Frå gammalt av var det tekstilindustrien som gav arbeidsplassar i Salhus, men bygda er også kjent for eit aktivt visesong og revy miljø.

Tekst og bilder Gro Hopen


Liv i fjøra

På Salhus skule blir det annakvart år arrangert marinveker. I 13 år har skulen halde på med dette. Dei hundre elevane ved skulen skal på kaien å fiske, dei skal fiske frå båt, trekke garn og dei skal i Vikje for å bade, symje, lære om livredning og leite etter liv i fjøra.

Livredning og symjing i sjøen har kome til dei siste åra, etter at skulen fekk ny avdelingsleiar som er utdanna symje- og livredningsinstruktør gjennom Norges Livredningsselskap.

Tryggleik

På kaien stiller foreldre og besteforeldre opp med båt og som hjelparar på land. Elevane får lære om tryggleik i båt og på kaien, bruk av redningsvest, og namn på dei ulike fiskane dei får. I år har elevane lært om blant anna hågjel, lyr, havmus, leppefisk, krabbe og makrell. Korleis fisken vert sløgd og tilberedt før den vert eten. Det er nok av fisk i fjorden og alle får ein smakebit av fersk fisk med smør, salt og sitronpepar pakka i folie på grillen. Elevane har stjerner i blikket når dei fortel om alt dei har opplevd. Tenk å vere 6 år og få halde det bankande hjartet til fisken i handa.

16 grader

I Storåkervika, som ligg under fem minutt å gå frå skulen, får alle elevane bade om dei vil. Fleire av dei yngste elevane nøyer seg med å vasse når temperaturen ikkje er meir enn 16 grader, men dei eldste blir pressa litt meir når dei skal øve på bruk av livbøyen. Desse elevane har kompetansemål å jobbe med. Nokre elevar har våtdrakt, nokre badar med tynn ulltrøye og ullstillongs og andre berre i badetøy. Vi oppmodar elevane å ta på seg tynt ulltøy når dei badar. Det isolerer godt når temperaturen ikkje er så veldig høg.


Reklame på livbøyene

Skulen har fått livbøyer av Tryg i samband med livbøyen sitt 70 års jubileum. Det var på Salhus ferje- kai ideen om reklame på livbøyene kom. Livbøyene vert brukt til trening på ilandføring i sjøen, og til litt lek og moro med dei yngste. Dei eldste elevane får kjenne på kor mykje tyngre det er å symje i sjøen, spesielt når bølgene frå fjorden kjem inn mot stranda. Dei får litt teori om bruk av forlenga arm, og dei får trene på å symje ute med livbøyen og dra kvarandre inn. Eit av kompetansemåla i kroppsøving etter 7. trinn «vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn» får dei jobba med alle frå 1. til 7. trinn.

Vi er heldige vi som jobbar på Salhus skule. Vi har foreldre, besteforeldre, tanter og onklar som stiller opp. Vi har ein fantastisk badeplass som vi heldigvis kan nytte til å lære elevane våre gleder og farer ved å vekse opp ved sjøen. Det er to år til vi har marinveker igjen, men «Vikje» skal nyttas mange gonger både i haust og til våren igjen.


101 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page